Historisk norsk fiskesluk

Historisk fiskesluk utvikla i nært samarbeid med laksen i Flekke-/Guddalvassdraget, laga av Anders Bergheim som kom i frå Byrkjelo i Gloppen kommune

Hente sluk på Sandane? Fyll ut skjemaet så tek vi kontakt!

Moderne design

Bergheimsluken vert seld med ny emballasje frå 2023

  • 1. I rolege kulpar.

    Eg kaster litt forbi der fisken står.

    Let sluken sekke lite grann og sveiver deretter roleg. Gjerne med variasjon i innsveivingsfarten.

  • 2. Oppstrøms i elv.

    Bergheim-sluken fungerer svært godt med oppstrøms fiske. Dette er favorittkastet mitt. Det var på denne kasttypen Monsterlaksen i Reisa tok sluken. Mitt beste råd er å stå nederst i hølen og kaste oppover elva. Eg sveiver roleg og let sluken bevege seg med straumen nedover. Han vil då passere alle fiskane som står der. Dei vil sjå sluken komme nedover fordi dei står med hovudet vendt oppover elva.

  • 3. Tvers over-/Nedstrøms i elv.

    Eg starter øverst i hølen. Dette kastet let seg fint gjennomføre som bevegeleg fiske. Eg kaster rett over elva eller litt nedover dersom straumen er roleg. Let straumen dra sluken slik at eg kjenner slukbevegelsane i fingerspissen som eg held lina med. På strekningar med fin elevebotn kan sluken følge og "danse" på botnen nedover.

1 av 5
  • Alle gode historier rundt Bergheimsluken
    går tilbake til 1936. Anders Bergheim, opprinneleg frå Byrkjelo ved foten av
    Eggenipa i Gloppen kommune. Etter ei tid flytta Anders til Dale i Fjaler, der
    utvikla han sluken i nært samarbeid med laksen i Flekke-/ Guddalvassdraget. Her
    kombinerte han favorittinteressene sine som sykkelreparatør og slukprodusent.

    Anders var ivrig, fiskesluken
    vart populær og brukt av laksefiskarar over heile landet fram til 1965. Alf,
    sonen til Anders, tok vare på familietradisjonen og produserte sluken til han
    døde i 1987. Bjarne Huseklepp hadde gleda av å kjenne Alf og fiske laks med han
    i Eidselva i Nordfjord. Då Alf døydde, tok Bjarne over produksjonen av Bergheimsluken
    og heldt fram med å skape nye fiskehistorier. No skal Bergheimsluken fortsette
    si gode historie saman med Håkon Hjelle Roset. I 2023 tok Håkon over distribusjon
    og produksjon av Bergheimsluken.

    Her blir Gloppeelva
    sentral. Den kjende lakseelva, der rekordlaksen på 26 kg blei tatt med, nettopp
    Bergheimsluken.

Samarbeidet starta i byrjinga på 2022

Bjarne og Håkon starta samarbeidet om overtakelse av Bergheimsluken i byrjinga av 2022, og jobba med eit konkret mål om overtakelse i 2023. Eit fantastisk samarbeid som har resultert i at Bergheimsluken lev vidare.